Hildre kyrkje
Hildre kyrkje
Hildre kyrkje var opphavleg bygd som kapell for Hildrestranda, som på den tida høyrte inn under Haram prestegjeld.
Kyrkja ligg midt på Hildrestranda med godt utsyn over det meste av Nordøyane, nokre hundre meter frå kyrkjegarden. Kyrkja (som då var kapell i Haram prestegjeld) vart teikna av arkitekt Otto Hald og bygd av Tennøe og Skaar, frå Brattvåg, i 1934.

Kyrkja har enkle former som ber i seg element frå både tidleg-kristen arkitektur og Linstow-kyrkjene i empire-stil frå tidleg på 1800-talet. Kyrkja har eit lågt vesttårn med pyramidetak, skip, kor med sakristi på kvar side og lengt mot aust ein halvrund apsis der altaret står. Skip, kor og sakristi ligg under same tak, slik at utvendig er det berre apsis som markerer kvar altaret står. Dette er eit trekk henta frå den eldste kristne arkitekturen og som også var mykje brukt i mellomkrigstida. I nyare tid har tårnet fått små tilbygg på kvar side til sanitærrom, elles står kyrkja uendra.

Innvendig er kyrkja stilrein og enkel, med fargesetjing i blått og kvitt. Lyssetjinga er uvanleg, med indirekte lysarmatur på tvers av møneretninga, langs takbjelkane, og store, fakkelforma lampettar på veggane. Preikestolen er også uvanleg, med dør direkte frå sakristiet og flat himling over.

Den første altartavla var dekorert med eit kors, og denne vart erstatta i 1959 med den noverande som viser Jesus som bergar Peter på Genesaretsjøen, eit passande motiv i ein kommune med mange fiskarar.






Del denne artikkel på e-post
18. oktober 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando